Kvalitetssikring i landbruket
Kvalitetsbevisste forbrukarar skal kunne ha tillit til at norskprodusert mat held høg kvalitet og vert produsert på ein måte som tek hensyn til både dyr, menneske og naturen forøvrig.Difor har landbruksnæringa utvikla sitt eige kvalitetssystem,
Kvalitetssystem i landbruket (KSL). Det dekker alle typar matproduksjon på norske gardsbruk, og stiller krav til korleis produksjonen skal gjennomførast og kva som skal dokumenterast. Alle matproduserande bønder i Norge får informasjon
og materiell fra Kvalitetssystem i landbruket, slik at kvar bonde kan etablera og vedlikeholda eit kvalitetssystem med rutinar og dokumentasjon for sin produksjon. Systemet har to typar revisjonar: Bonden sin eigen, årlige gjennomgang
(internrevisjon) kor sterke og svake sider ved drifta vert avdekka, og ekstern revisjon på en viss prosent av alle gardsbruk kvart år. Revisjonsordningane bidreg til å sikre at kvalitetssystemet på garden vert halde aktivt
og at produksjonen skjer i tråd med krava.Kvalitetssystemet byggjer på krava lover og forskrifter stiller til matproduksjon, miljøhensyn og arbeidsmiljø, men stiller og krav definert av landbruksnæringen. Ordninga vert administrert
av Matmerk, og vert finansiert over Jordbruksavtalen. Eit arbeidsutvalg og tre faggrupper sammensatt av representantar frå landbruket sine organisasjonar, varemottak, rådgivings- og forskningssida er faglige rådgjevarar for innhold
og drift av systemet.