PRODUKTSPESIFIKASJONAR

 

  

BRINGEBÆR INDUSTRI

 

GODKJENDE SORTAR: Veten, Glen Ample

SENSORISKE KRAV: Bæra skal vera friske og normalt utvikla. Lukt og smak skal vera typisk for sorten.                                                                                              

DEFEKTER

TOLERANSE/STK

 

Delvis umodne bær

1

Overmodne bær

2

Bær med mugg

0,5

Bær med teikn til sjukdom

1

Hams, hamsrestar og stilk

0,5

Bringebærlarvar

0,1

Framandlekamar (td. sand, plastbitar)

0

Maksimalt tillate kvalitetsavvik i 1000 gram prøve

3,4

 

EMBALLASJE OG MERKING: Bæra skal leverast i kontainer, ev bøtter dersom lite antall kilo. Kontainer skal vera merkt med sort, dato og dyrkar med strekkode.

LAGRING OG TRANSPORT: Kontainer skal stå på palle/platning (ikkje i kontakt med jord) Kontaineren må og stå kjølig, i skugge, under plukking og til han vert levert. Det er viktig å ha lok på kontaineren for å unngå insekt.

Det skal finnast dokumentasjon hjå dyrkaren som tilfredsstiller krava til kvalitetssikring i landbruket.

Det skal ikkje nyttast genteknologi i nokon ledd under produksjon av bæra.

Bæra skal tilfredsstille krava til restar av plantevernmiddel i henhold til Forskrift om rester av plantevernmidlar i næringsmiddel og fôrvarer.

Bæra skal vere fri for allergen i henhold til liste over ingrediensar med særskilde merkekrav; Forskrift om merking av næringsmiddel.

Bæra skal tilfredstille krava om forureining i henhold til ; Foreskrift om visse forureinande stoff i næringsmiddel.

 

 

 

 

JORDBÆR INDUSTRI

Kl. 1; 22-40 mm

GODKJENDE SORTAR: Polka, Senga Sengana

SENSORISKE KRAV: Bæra skal vera friske og normalt utvikla. Fargen skal vera jamn frisk raud. Bæra kan vera noko ueinsarta i størrelse og form, men lengda på største tverrmål målt vinkelrett på lengdeaksen skal vera minimum 22 mm. Bæra skal ikkje vera lengre enn 40 mm. Maksimalt tillete størrelseavvik er 10%. Lukt og smak skal vera typiske for sorten.   

DEFEKTER

TOLERANSE/STK

 

Heilt ufarga bær (75 % eller meir av overflata er utan sortens karakteristiske farge)

0

 

Delvis ufarga bær (25-75 % av overflata er utan sortens karakteristiske farge)

3

Overmodne bær (mjuke, men ikkje råtne)

3

Knuste eller klemte bær

0

Misdanna bær (ikkje normalt utvikla, med harde parti i fruktkjøttet)

0

Bær med mugg

0

Bær med råte (inkludert lerrote)

0

Bær angrepe av skadedyr

0

Blad og strå

1

Hams, hamsrestar

1

Stilk (stilk eller delar av stilk som er større enn 3 mm)

1

Framandlekamar (herunder bær med sand)

0

Maksimalt tillete kvalitetsavvik i 1000 gram prøve

6

 

EMBALLASJE OG MERKING: Bæra skal leverast i raude kassar a 5 kg / 4 kg.  Palle/stativ skal vera merkt med sort, dato og produsent med strekkode.

LAGRING OG TRANSPORT: Kassane skal ikkje stå rett på jord i åkeren eller under lagring. Kassane må stå kjølig, i skugge, til dei vert levert.

Det skal finnast dokumentasjon hjå dyrkaren som tilfredsstiller krava til kvalitetssikring i landbruket.                                                                                                                                                       

Bæra skal tilfredsstille krava til restar av plantevernmiddel i henhold til Forskrift om rester av plantevernmidlar i næringsmiddel og fôrvarer.                                                                                        

Bæra skal vere fri for allergen i henhold til liste over ingrediensar med særskilde merkekrav; Forskrift om merking av næringsmiddel.

Bæra skal tilfredstille krava om forureining i henhold til ; Foreskrift om visse forureinande stoff i næringsmiddel. Det skal ikkje nyttast genteknologi i nokon ledd under produksjon av bæra.

 

 

 

 

 

Innlogging bærlevering

 

KONTAKT

INFORMASJON

 

Luster Grønt AS

Lustravegen 2731

6875 Høyheimsvik

 

mob. 95 27 82 27

 

Mail:

lustgr@online.no

 

Fax: 94 77 09 65

 

Innmelding konsumbær:

91 76 94 56

 

Svarthyll

            prosjekt

Plantevernjournal

 

HMS datablad

 

Resistim mot lerrote i jordbær